Sidemeny:

Alle hushald i Øygarden kommune får utlevert spann for matavfall, restavfall, papir og sekkar til hushaldningsplast. Matavfall kan enten leverast eller heimekomposterast.

Restavfall vert henta kvar 14 dag, Matavfall kvar 14 dag, Papir/plast vert henta ein gang pr månad.

Sjå også sortere.no for meir informasjon om kjeldesortering.

Slik sorterer du:

Matavfall

Ordning: henteordning eller heimekompostering

Ja, takk!

  • Matrestar
  • Kaffigrut, kaffifilter, teposar
  • Eggeskal
  • Restar av reker og andre skaldyr
  • Kjøkkenpapir

Nei, takk!

  • Reinskorne bein
  • Slakteavfall
  • Bleier
  • Hundeposar

Treng du nye bioposar?

Knyt ein blank plastpose på matavfallsspannet ditt, så får du ein rull med bioposar frå renovatørane.

Du kan også få bioposar på gjenbruksstasjonen i Lonavegen 20 og i Midtstegen 50.

Kva skjer med matavfallet?

Matavfallet som ØyVAR samlar inn blir gjenbruken til biogass og gjødsel.  Det er likevel eit mål å avgrense mengda mat som endar i matspannet. Bruk sansane – lukt og smak på maten før du eventuelt kastar den.

Papp og papir

Ordning: henteordning

Ja, takk!

  • Avispapir
  • Skrivepapir
  • Brosjyrer
  • Pizzaesker
  • Bølgepapp
  • Drikkekartongar

Nei, takk!

  • Serviettar
  • Post-it lappar
  • Gåvepapir
  • Tilgrisa papp og papir

Returkartonglotteriet

Du kan vere med i trekning av 10 000 kr og 100 000 kr!

Slik deltar du i returkartonglotterier:

  1. Skyl og brett: skyl kartongen og press den flat
  2. Skriv namn og nummer: Skriv namn og telefonnummer på den du vil skal vinne
  3. Kjeldesorter drikkekartongen: Kartongen kjeldesorterast saman med papp og papir

Du kan delta med alle typar drikkekartong og uansett om dei er store eller små. Du kan velje om du vil levere kartongane enkeltvis eller i kubbar. Les meir om returkartonglotteriet her: https://www.grontpunkt.no/resirkulering/returkartonglotteriet

Plastemballasje

Ordning: henteordning

Ja, takk!

  • Rein plastemballasje
  • Plastposar
  • Plastkanner
  • Plastflasker
  • Plastboksar
  • Plastbeger
  • Påleggsposar

Nei, takk!

  • Plast som ikkje er emballasje (til dømes leiker, hagemøblar)
  • Isopor
  • Plastemballasje som inneheld restar av farleg avfall
  • Plastposar belagt med aluminiumsfolie
  • Tilgrisa plast

Sekken med plastavfall set du ut saman med papirspannet den dagen det skal tømmast. Legg knuten på returplastsekken under lokket på papirspannet. Alternativ kan du få ein krok til å feste sekken på spannet med.

Treng du nye returplastsekkar?

Knyt ein blank plastpose på papirspannet ditt, så får du ein rull med returplastsekkar frå renovatørane.

Du får nye sekkar til plast hos oss i på gjenbruksstasjonane i Lonavegen 20 og i Midtstegen 50.

Restavfall

Ordning: henteordning

Ja, takk!

  • Det som er igjen etter at du har sortert ut avfallet som kan gjenvinnast
  • Bleier
  • Bind og tampongar
  • Aske (pakka inn)
  • Støvsugarposar
  • Kattesand (pakka inn)
  • Serviettar
  • Gåvepapir
  • Tilgrisa papir, papp og plastemballasje
  • Isopor

Nei, takk!

  • Farleg avfall
  • EE-avfall
  • Matavfall
  • Papir og papp
  • Plastemballasje
  • Glas- og metallemballasje

Treng du større spann eller sjeldnare henting?

Hushald med lite boss kan inngå avtale om småhushald, det vil sei henting av restavfall kvar fjerde veke. Dette gir ei reduksjon i renovasjonsgebyret.

Hushald med mykje boss kan få eit større spann for restavfall.

Endringar i abonnementet kan gjerast på nettsida vår.

Glas- og metallemballasje

Ja, takk!

  • Glasflasker
  • Glaskrukker
  • Hermetikkboksar
  • Mjuke metallboksar
  • Aluminiumsfolie
  • Øl- og mineralvatnboksar
  • Metallokk/ metallkorkar
  • Metalltubar
  • Telyskapslar

Nei, takk!

  • Porselen, keramikk, krystall
  • Speil
  • Vindusglas
  • Ildfaste formar
  • Lyspærer
  • Batteri
  • Malingsspann
  • Metallgjenstandar som ikkje er emballasje (til dømes steikepanne, kaseroller, bestikk, bildelar, småting av metall som mutrar, skruer og spiker)

Kva skjer med glas- og metallavfallet?

Alt glas- og metallavfall i Norge bil sendt til Sirkula i Fredrikstad. Der blir 100 % av utsortert glas- og metallemballasje gjenvunne.

Farleg avfall

Ordning: bringeordning til gjenbruksstasjon

Farleg avfall er avfall som kan forureine eller gjere skade på menneske og dyr. Avfallet må handterast på ein forsvarleg måte for å unngå skade.

Farleg avfall kan leverast på gjenbruksstasjonane på Straume og i Midtstegen. Det er også mogeleg å levere farleg avfall på miljøstasjonen på Tjeldstø.

Ja, takk!

  • Måling
  • Lim
  • Olje og oljefilter
  • Kjemikaliar
  • Plantevernmiddel
  • Sprayboksar
  • Batteri
  • Lysstoffrøyr
  • Lyspærer
  • Tungmetall
  • PCB
  • Asbest og eternitt (pakka på forsvarleg måte)

Nei, takk!

  • Eksplosivar
  • Ammunisjon

Du må ta kontakt med politiet for å kvitte deg med eksplosivar og ammunisjon.

Slik pakkar og leverer du asbestholdig eternitt til ØyVAR

Du treng:

  • Dampsperre for innpakking (Type LDPE plastfolie 0,20 mm  tjukkleik. Kan kjøpast på faghandel eller byggevarehus)
  • Emballasjeteip. Berekn ca 1 rull pr pall med asbest.
  • Kniv og meterstokk.
  • Ein heil EURO-pall utan råte eller skadar. Vi vil heller ikkje ta i mot asbest på eingongspallar.

Slik gjer du:

  1. Dekk pallen med to separate lag med dampsperre. Det er lurt å plassere pallen direkte på tilhengar.
  2. Legg eternittmaterialet (her vist med papp) på pallen. Platene kan dekke opp til 50 cm over toppen på pallen.
  3. Pakk eternitten godt inn i det første laget med plast slik at asbesten ligg heilt hermetisk pakka. Alle skøytane skal teipast.
  4. Gjenta emballeringa med det andre plastlaget. Også dette laget skal vere heilt hermetisk tett. Alle skjøtane skal teipast.
  5. Plasser pallen på ein tilhengar slik at den enkelt kan løftast av med gaffeltruck ved levering på gjenbruksstasjonen.

Ta gjerne kontakt med gjenbruksstasjonen for instruksjon på forsvarleg pakking av asbest. Les også det arbeidstilsynet har skrive om privatpersonar og arbeid med asbest.